/ Forsiden / STUDIETILBOD / Studiespesialisering
Studiespesialisering
Studiespesialisering
Studiespesialisering går over 3 år og gir studiekompetanse.
Første året: I Vg1 har alle dei same faga. I to fag må ein likevel gjere ei val: I framandspråk (tysk) vel ein nivå I eller nivå II, og i matematikk vel ein mellom teoretisk og praktisk matte.
Andre og tredje året: I Vg2 og Vg3 kan elevane velje mellom realfaglege programfag (matematikk, fysikk, kjemi, biologi) og programfag innan språk, samfunnsfag og økonomi i tillegg til fellesfaga.
Val av framandspråk Vg1
Val av framandspråk Vg1
Alle elevar på studiespesialisering skal ha framandspråk i Vg1 og Vg2, 4 timar i veka. Sykkylven vidaregåande tilbyr tysk nivå I og II. Alle må fullføre nivå II for å få studiekompetanse (nytt frå skuleåret 2009/10).
Du som har hatt tysk på ungdomsskulen må:
- Halde fram med tysk på nivå II (2 år med 4 timar i veka)
Du som ikkje har hatt tysk på ungdomsskulen må:
- Starte med tysk på nivå I (2 år med 4 timar i veka) og gå vidare med nivå II med 5 timar i veka i Vg3.
Unntak:
- Viss du kan ei framandspråk godt eller har eit anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, kan dette språket vere framandspråket ditt. Du må då dokumentere kompetansen din som privatist. Du står ansvarleg sjølve, får inga undervisning, og må opp til eksamen på nivå II. Kontakt avdelingsleiar studiespesialisering for informasjon/avtale om dette.
